top of page
IMG_1913.JPG

Hardanger Retro

Ved inngangen til Strandadalen finn du Hardanger Retro.

Her kan du køyra like til døra og parkera gratis på føretakets private parkeringsplass, midt blant utsøkte retro-produkt. Tilårskomne landbruksmaskiner og reidskapar, frå den tida hest og ljåslått var vanleg på brattlendte vestlandsbruk.

 

Ved inngongspartiet står Televerkets klassiske telefonkiosk, landets einaste med summetone! Innanfor bugnar det av «ting og tang» frå svunne tider. Tidsskrifter, bøker, plakater, reklameskilt, lydprodukt, kroneautomat, syklar, møbel og inventar, jukebox og mykje, mykje meir. Ta deg god tid, det er rikeleg med sitjeplassar, både ute og inne. Retro’en serverer kaffi og iskald Coca-Cola på original glasflaske, sjølvsagt!

 

Skal du feira noko, er det mulig å leiga Hardanger Retro for opptil eit tjuetalls gjester. Sjå meir her. 

Det er fleire flotte naturopplevingar og turstiar ved Hardanger Retro. På eit høgdeparti like ved Hardanger Retro ligger flotte jettegryter, forma under siste istid. Nokre av desse, Dronningjuvet, har inntil no vore så borthjøymd og utilgjengeleg at korkje folk eller fe har sett sine føter der. No kan du stiga ned i Dronningjuvet og sjå korleis naturkreftene herja for 10 tusen år sidan, då vatn, is og stein kvervla gjennom fjellet. På tilbakevegen legg du turen om Kongegrytene og Utsiktspubktet. Her er det flott utsikt mot bygd, fjord, fjell og fonn. 

Heile rundturen tek om lag 30-40 minutt. 

Kontaktinfo: 

Tlf: +47 992 07 208

Mail: as@linetech.no

Facebookside: https://www.facebook.com/hardangerretro

Adresse: Strandadalsvegen 131, 5630 Strandebarm  

  • Facebook

Foto:Asbjørn Skogasel

bottom of page